Gamle ord og uttrykk frå Sola

Samla inn av Kristian Byberg (klb@timpelen.com, tlf.: 51654101)

Logg inn

Nr. Art. o.l. Ord / uttrykk Eksempel Forklaring
1   agalle   merkelig 
2 å  agera agera stormann  spela 
3 koma til  akters / atters   koma til kort 
4 ein  allur   sjau, bråk (å allura) 
5 eit  ameras   stort byggverk, stort arbeid 
6 eit  amjól   tilspjåka person, vanskapning 
7   amper   stridig 
8   ampløy   arbeid (fra engelsk) 
9   anduga   skunda på 
10 å  andøva   halda båten i stø kurs, rå med, halda stø kurs 
11   anføttes liggja anføttes  motsett, liggja med føtene mot den andre sine føter 
12   annige   ivrig, arbeidsam 
13 ei  anògl   rand mellom nogl og skinn, laust skinn rundt nogla 
14   anslappen   ha det travelt 
15   anti   ha hast 
16   ase å vera i ase  i skotet, oppøst 
17   attefor seg koma attefor seg  koma til seg sjølv 
18   attom koma attom  koma for ein dag, koma tilbake 
19   att-tveg   beina, tenesta 
20   au   og, også 
21   aur   grusmasse (aurbane) 
22   avdanka   trøytt, lei 
23   avlaga   utilpass, omsuns 
24   avleides   langt vekk 
25   avslegen avslegen melk  lunka 
26   avåt   slikt som et opp blom, buskar, blokker på tre o.l. (t.d. lus) 
27 å  babla   prata tull 
28 eit  badl gå i badl = gå gale  stell (å badla) 
29 å  badla   pakka inn (ei badla = pose med tobakk) 
30 ei  bakstehedla   jernhella brukt til å baka på 
31 å  ballera   laga bråk, laga ballade 
32   ballstyren   ustyrleg 
33 ein  bangle   vrang kar 
34 ein  bannakniv   kniv med handtak i begge endar til å skava borken av treet 
35 eit  barkakyle   strupehåve 
36 ein  barkje   strupe 
37 eit  barsøl   gjestebod ved barnedåp 
38   baskje   slitsamt 
39 å  baua på   våga på, ta på med 
40 ein  bausing   våghals (å vera bausen) 
41 ein  bede   middagsmat med flatbrød over og under 
42   beder   skarp, kvass (om folk, drikke, vêr) 
43 ein  bee   torvteig 
44   bega seg på   vera viss på 
45 å  begla seg te   laga seg bakvendt til 
46   beida føre   spenna hesten føre redskap 
47 eit  beisel   hestebeisel (hagabeisel, saksabeisel, stongbeisel) 
48 ein  belg   ukjura, trave (belgastykke) 
49 å  belgflå   flå/vrengja skinnet heilt av dyr 
50 å  belma   drikka mykje 
51 ein  benedl   band av strå rundt kornband 
52 å  bèra   gravleggja 
53 å  bésa   bisla 
54 ein  bésetud   ein som sladrar 
55 kvar  bidige   kvar einaste 
56   bidlónn   tolmod til å venta 
57 eit  binne   kjerald 
58   bi-ring   elendig (veldig ring) 
59 ein  birre   spirrevipp 
60 vera  biske   ordna opp, få fart på sakene 
61   bitteliten   ørliten 
62   bitten ikkje bitten, aldri bitten  aldeles, ingenting 
63   blakk   pengelens 
64   bleiå   knefallet rundt altarringen i kyrkja 
65 å  blekkja blekkja te  slå 
66   bligrevegå   den stille veka 
67 ei  blokka   blad frå tre 
68 eit  blåt   bløyting i vatn 
69 ei  bódda   stabel, rua 
70 ei  bóddeløn   løn til den som fann nylemd sau 
71 ein  bóg   hesteutstyr 
72   bóje   buskap 
73 ein  ból   kropp (overkroppen) 
74 eit  ból   halm i grisagarde 
75   bòlen   opphovna 
76 ein  bólle   svull, heving 
77 ein  bolt   hannkatt 
78 å  bòlta   halda sjau (ein bòlt = urostiftar) 
79 eit  bónne   kornband 
80 å  borga   låna av 
81 eit  bòs   rusk, rask 
82 å  bòva   ruva, ta stor plass 
83 å  bradda   venta utolmodig 
84 ei  braffa   gml. merr (gml. dame) 
85   brallse   uryddig, rotete (om fargar, klede) (eit bralls) 
86 å  bre   koka lyse, tran 
87 ei  bredd   stort, kraftig forkle 
88 ein  bredel   allur, sjau 
89 å  bregda   fletta fleirfarga sokkaband 
90 å  breia breia på  jamna utover, strø (høy, gjødsel) 
91   bresen   vera stor på det, visa seg (å bresa seg) 
92   brilæde gjera brilæde  grimaser 
93 ein  bròdd   hesteskosaum som var brei og kvass i den enden som vende mot vegen, brukt på glattå 
94   brólten   hardhendt, uvøren (å brólta, ein brólt) 
95 ei  brónngryda   gryta i brónnhuset 
96 å  brynna   gje husdyr vatn 
97 eit  bræe   omslag på bok 
98 eit  bråd (?)   trestokk med hestesko festa i tjukkaste enden, brukt til steinb? 
99 ein  bråde   mykje 
100   brådmad   stein ein la under brådet for å vippa steinen lenger opp 
101 å  bråna   smelta 
102 ei  bu   bestastova 
103 å  bysta seg   yppa seg 
104 ein  bøe   skremsel 
105   bøsen   kry 
106 ein  bøvel   ukjuren, stygg person 
107 å  dabla   kattavask, dårleg vasking 
108 å  dalga   slå 
109 ein  dalt   ein som diltar (mammadalt) 
110 å  darra   koma seg seint fram 
111 ein  dask   liten sekk, sekk med lite oppi, å gje ein smikk 
112 å  daura   kvila middag, kvild etter dauramål (dugurd) 
113 eit  deg   søkk i lendet 
114 å  dega   tvila 
115 å  deisa te   slå til (deisa ned = detta ned) 
116 eit  dekken   golvteppe 
117 å  dibba   trippa 
118 å  didla   arbeida seint 
119   dikt på   nær på 
120 å  dinsa   rista, gynga 
121 å  dódla med   stella med 
122 ei  dòkk   søkk 
123   dólta dólta ihop  rulla, balla ihop 
124 ei  dómma   støv 
125 ei  dómma   støvsky 
126 å  dóna   langvarig fjern lyd 
127 å  dónsa   kasta på streken (spel) 
128 å  dónta   putla 
129   dorg igjønåblaude   gjennomblaut 
130 å  dórra   halvsova 
131 ein  dòtt   vesal skapning, ulldott 
132 å  drabba   småregna, yra 
133   dravsvette   gjennomblaut av svette 
134 ei  drevja (?)   hakk med vatn og mjøl 
135 ein  drid   skit, lort 
136 å  drila   dra ut tida 
137 ei  dróffa   stort og tungt kvinnfolk (å dróffa) 
138 eit  dròg   slede 
139   drónsa drónsa i markjå  dundra, detta tungt 
140 ei  dròtt   reim på øykjaselen, frå oreringen til bogen 
141   druse   stort, med haug på, godt mål 
142 å  drypta   skilja korn og agne i dryptetrau 
143 ei  døla   tåpeleg kjerring 
144   døtlegraut   varm graut til omslag før fetlet vart lagt på 
145   døyne   lummert 
146 ein  døyt   minste mynt i holl. myntsort, lite (bry seg døyten = ikkje bry seg) 
147   dåbel   drektig merr 
148 ein  dåse   stakkar, dumming, snusdåse, stikkedåse 
149   dåssekaga   usyrt kake, mots. av syrekaga 
150   dåssen   slapp (dåsselukt = innestengd luft) 
151 eit  eb   trong opning mellom steinar 
152 å  egla   erta 
153   eintóme   gå utan å bera noko 
154   ela   gjestebod 
155   eldande   lynande 
156 ei  eldmørja   glør 
157   elta   plaga, elta deig 
158   emmen   smaklaus 
159 å  endevenda   snu 180 grader 
160 ei  eplevisa   potetplante 
161 eit  etl   trave, troll 
162 eit  faddel   heilt, ulema slakt 
163 eit  fadl   brenning (sjø-) 
164 på  fadlande føde   nær føreståande fødsel 
165 eit  faks   nakkahår på øyk (lavafaks = lang, uklypt faks) 
166 å  fara idla   abortera 
167   farloga   lagnad 
168 ein  farre   fant, trave 
169 å  fauta   koma i gjenge (koma i fautane) 
170 ei  fed   sletta, mark 
171   feien (fegen) han va feien te  glad, nøgd 
172 ein  fektar   nedsetjande om mann, fyr 
173 å  fengja   laga høveleg fang høy 
174 ei  fenta   fantakjerring 
175 å  fetla   laga omslag, bandasje, fetl 
176 å  fikla   ordna med, putla med fingrane 
177 å  finnast åt   finna noko upassande, lasta 
178 å  fjelga fjelga seg  stella, pynta 
179 eit  fjom   støvgrann 
180 ein  fjóm   spilloppmaker 
181 å  fjóma   halda sjau med erting 
182 ein  fjómp   ein som vil vera noko (fjómpenisse) 
183 å  flaska seg   ordna seg 
184 ein  flause   feil 
185 å  fleggja   le 
186 å  fli   gje 
187 ei  fló   regnskyl 
188 ei  fló (?)   eit lag med kornbonde i staen 
189 ein  flóe   grunn vass-samling 
190 ei  flòksa   lettlyndt jenta 
191 å  flòngsa   transla, renna omkring 
192 ei  flónsa   omgangsjuke 
193 å  flòtna   flyta opp 
194 å  flòtta seg   vera fin på det 
195 ei  flyssa   ei filla, skinnflyssa 
196 ei  flæa   flekk, jordstykke, fjellskråning 
197 ein  fløve   lett alkoholpåvirka tilstand 
198 ein  fløy   tynn, rund stav brukt ved lepsebaking 
199 eit  fløyte   tverrstykke på steinslede 
200 ei  fløytekòdla   sur melk med fløyte på 
201 ta  foden på nakkjen   å gå (helst langt) 
202 ein  fór   våtlende, søkk gjennom myr 
203   forknedaleg   smått 
204   forlibte   forelska 
205   fòrnøen   meir enn nok 
206 eit  fós   porøs fyllmasse (vera fósen = møyr, skral) 
207 ei  fraua   fråde, skum 
208 å  fryna   laga grimaser ved å eta t.d. sitron 
209 ei  fylja   årsgammal merr 
210   fyse   greitt 
211 å  fæla   vera mørkredd 
212 ei  fæma   øveferd, omgangsjuke 
213   fæn (?)   sump (?) 
214 å  færa te   laga til 
215 å  fåna   bleikna (fånkvide = likbleik) 
216   fåttlause   håttalaus 
217   gakk / gange   gå (imperativ) 
218 å  galdra opp   øsa opp 
219 å  galdra opp   øsa opp 
220 ein  gallatter   lentug, lystig kar 
221 ein  garp   hardhaus, uredd kar 
222 å  garpa   slåst 
223 eit  gatt   hol, gjerne brukt om endetarmsåpning på dyr 
224 ei  gaubn   mengden ein får i to tome hender haldne attåt einannan 
225   gaud ut hesten gaud ut  tok ut 
226   gaukjen   mønet på hus 
227 å  gaula   blåsa svak vind 
228   gidd / jidd   liten lysning i søraust mot godt vêr 
229 eit  gjegne   beinveg 
230 ei   gjeldskreppa   gjeldku, ku som ikkje molkar 
231   gjengd å vera gjengd  vera god nok til å visa seg for folk 
232   gjera kål på   gjera ende på 
233   gjera tjukke øyre   lata som ein ikkje høyrer 
234   gjesen   frostig (om person) (eit gjese hus = vinden blæs gjennom) 
235 ei  gjoda   langstrekt område mellom haugar 
236 ein  gjøys   sturt, t.d. eit vindkast inn døra 
237 å  gjøysa ner   sturtregna 
238 ein  gleib   ertekrok 
239 ei  gletta   glatta (på vegen) 
240 å  glåba   stira, sjå etter 
241   gódlabadn   gjævaste barn 
242 å  góla   (om vind) ula, stryka innover land 
243 å  gólka   brekka seg, spy 
244 ein  gómp   bakende 
245 å  górma   eta 
246 å  górpa   rapa 
247   gòrrlade   svært lat 
248 å  gòtta seg   lika seg (gjerne på andre sine vegne) 
249   granne å vera granne på synet  nøyaktig, fin, trykk på 1. staving 
250 ein  grepa kar   grei kar 
251   grése   tynt 
252 ei  grilla   innfall 
253   grimete   brokete 
254 å  grófla   reinska halsen 
255 å  grótla   grisen gryntar 
256 ei  gròv   holet i torvbeen etter torvskjering 
257   grueleg   vondt 
258   gruggjen gruggjen i halsen  rusken, grapsen (grugg = botnfall) 
259 å  grusa (på) iveg   driva på, bruka pengar 
260   gruv   skakk, skeiv 
261 på  gruvom   på kne 
262 å  gryla   skjenna 
263   gråssjen   gråleg 
264   gullnokkjen   velhavande mann (brukt om Jon Asserson Dysjaland) 
265 ein  gøys han fekk heile gøysen over seg  uventa gufs av lukt, røyk, væske 
266 å  gå åt gå åt av varme, gå åt i knea  verta utsliten 
267 eit  hakk   sundskoren halm 
268   halastae   tau, reim bak under hestahalen 
269 å  halda føre   tykkjast hugsa 
270 å  halda i eie   ha kommando over (eie = age) 
271 å  halda seg   klara stå imot 
272   halda tådå   tia stilt (tåda = sugeklut med graut inni) 
273   halje   kledning på hus av stiv halm 
274 ein  hallstyring   halvvaksen gut 
275 ein  halt de va'kje lange halten  stund 
276   halve hausta skade   hadde annan føremon 
277 ein  ham   det ytre, skinnet 
278 å  hamla opp med   vera like god som 
279 ein  hams   kropp 
280 å  hamsa seg   pynta seg 
281 å  hapsa   hasta på 
282 ein  haralabb   lettvint 
283 eit  hark   hendesløysa, skrap 
284 ei  harråda   elendighet 
285 eit  hattafåk   hastverk 
286   haufunnen   utanfor folkeskikken 
287 ein  hause   stykket i midten av hjulet der spilene var festa (innanfor låg børsingen) 
288   haustkjemedl   kornmo 
289 ei  héda   ein omgang, gjerne brukt om straff 
290 å  hedda   gjera høgare 
291 eit  hegl   seig grein, brukt i børatau til å kneppa børa med 
292 å  heina av   turka vekk (t.d. om korn) 
293   heise   vanskeleg, fælt 
294 å  heksa heksa maten i seg  eta fort, hiva maten inn 
295 ei  héla   kvitt rimlag 
296   hemsk   lumsk 
297   hendesløysa   heilt borti nåttå, meiningslaust 
298 å  hesa   pusta 
299 eit  hesplatre   garnvinne, vrang kvinne 
300 utan  hev og stev   utan meining 
301   hevd   gjødsel 
302 ei  hevdabretla   breiing av hevd 
303   hibnaleite   horisont 
304 å  higra   le 
305 ei  hild   morkaka hjå ku 
306   hipp som happ   det er det same 
307 ein  hit   skinnpose 
308 ein  hjelm   åsyn, helst fråstøytande, stygt ansikt 
309 ei  hòdda   handtak på gryta 
310 ein  hólbark   hólsvolten kar 
311   hólde nok   meir enn nok 
312   hóle hóle itte mad  tom, hækjen 
313   hóllen liga hóllen  likeglad 
314 å  hòlva   venda opp-ned 
315 ei  hólveita   steinveita 
316 å  hómma   rygga, bakka 
317 ei  Hómmólsbod (?)   knevarmar på buksa (spøtastykkje)? eller kneet? (ei bot - bøtene skulle tyda på at det er den spøtte knevarmaren det gjeld) 
318   hómsete   uvel 
319 ein  hònk   handtak 
320 ein  hoppetrøysk / -trausk   padda 
321 ei  hòrg   mengde 
322 eit  horsføl   hoppeføl (mots. av hestføl) 
323 ei  hòss   tullete, gløymskjen person (hòssen) 
324 å  hótta   vinka og ropa heim (til mat) 
325   hòvdesturta   sturta fram el. ned med hovudet fyrst 
326 å  hóvera   vøra, sjå opp til 
327 eit  huldabadn   einstøing, folkesky 
328   humletåt   humlesurr, surr av stemmer 
329 eit  hunda hus   spetakkel 
330   hurren   snurpen, småsint 
331 å  hyba   vera pysete 
332 eit  hydna   hjørna 
333 ein  hykk   innsving 
334 å  hykka gå hykk  gå arm i arm 
335   hykka tak i   få tak i 
336 å  hykkra   selja i smått 
337 eit  hylkje (?)   (salt-)kjørel, gjerne firkanta med lok 
338 å  hyppsa   hoppa opp og ned, rista, hompa 
339   hyren sjå hyren te  snurten 
340 ta  hys   fanga i lufta 
341 ta  hys   ta imot (t.d. ein ball ved tågehys) 
342   hytt   nøye 
343 å  hyvja   truga 
344 eit  hyvre   på hestaselen (over nakken) 
345 å  hægja   plaga med erting 
346 å  hæra   halda varmen 
347   hævt han e'kje hæve = det er ikkje sprekt med han  gjevt 
348   høgs å høve dei var høgs å høve  brydde seg ikkje 
349 ein  høkjedl (fl. hygglane)   bak-kneet på øykjer, krettur - halen på øykjen skulle helst nå til hygglane 
350 å  høla med   smiska, snakka etter munnen 
351 eit  hør   dumskolt 
352 ein  høy   hovudputa 
353 ein  høykniv   tanna redskap brukt til å skjera høy or stae 
354   høylåg   varmt vatn over høy, helst til nykalva ku 
355 ein  høystae   opplødd høy 
356 ein  høyterre   høytørk 
357 ei  høytong   ei rama med tau i endane, lagt oppå høylasset for å festa det til langkjerra 
358 ei    andreslått av gras 
359   håbunden (?)   hepta sau 
360   håg   høg 
361 ei  håga   hakk, trinn 
362   hål   glatt (hålka = glatta) 
363 ein  håling   glup kar 
364 ein  hålk   trau 
365   håsta håsta seint, håsta møje  helst, heller 
366 eit  håv sjøen sette seg opp med kvasse håv  bråd, skavlar 
367   håvetómla   omtåka 
368   idle   sint 
369 å  ila   føla avsky for 
370 eit  ilåt   eitkvart til å ha noko i 
371   inkjevetta   lite å rekna på, ingenting 
372 eit  innsmòg   gøymsle 
373   ister   feitt 
374   ivast   kvi seg 
375   jabnå de e jabnå så drege  jamt 
376   jarkjen   holromet midt under foten 
377 å  jatla jatla med = smiska, snakka etter munnen  samtykkja 
378   jedna   kanskje 
379 å  jeivla   tyggja (gjerne med open munn) 
380 å  jidda   tvega, drya 
381 ei  jókka   trestokk brukt som støtte 
382   jåddnå   venting 
383 ei  jåla   tåpeleg kvinne, overpynta dame 
384 ein  kakse   storkar 
385 på  kalde grua   byrja på ingenting 
386   kaldsnóggje   kaldt, surt (om vêret) 
387   kaldølen la melka slå av seg kaldølen (avslegen melk)  brukt om å varma t.d. melk 
388 ein  kall   skovlehjul 
389 å  kappseisa   kollsigla (frå engelsk: capsize) 
390 å  kara   greia ull til spinning 
391 eit  karastykke   noko særs 
392   kasen   klein, sjukleg, t.d. dårleg fisk 
393   kattavask   snarvask 
394 å  kausa   stryka forsiktig 
395 å  kippa   gje eit puff 
396 å  kjaksa   rikka og dunka, uskarp saks 
397 å  kjassa   masa 
398   kjege   kinn 
399 å  kjegla   trettast 
400   kjeip   tollegang på båt 
401 ei  kjelva   grasslette 
402 ein  kjenónje   midtstokk for doble dører 
403 ei  kjeptausa   ordgytar 
404 ei  kjiba   stor rygg-korg 
405 ei  kjuba   nype 
406 kjømdå   i nærleiken 
407   kjøregaren   kyrkjegarden (kjør = stille) 
408 eit  kjørehjul   rundt hjul av tre med spiler 
409   kjøyse   tungvint (t.d. om store, tunge klede) 
410   kjågje   tungt, elte 
411 å  kjågstra   hosta 
412 å  kladda på   ta på, gjerne med skitne fingrar 
413   klagje   tele, frost i jorda 
414 ein  klamp   to klossar på hyvre, ligg ned mot hestenakken 
415 ei  klampakjerra   kjerra uten fjører 
416 ein  klamphoggar   duglaus person 
417 å  klara av   tyna, gjera ende på 
418 eit  klatt   møa, problem 
419 ein  klattar   ein som ikkje får til noko 
420   kleise   klissete 
421 ei  klimpa   kveitebolle i supa (klimpesuba) 
422 ein  klodrian   duglaus person 
423 eit  klungevåg   spindelvev 
424 ein  klungfarre   sjukleg, mager fisk 
425 ein  klure   vrien på handtak i bytta 
426 ei  klysa   sputteklysa, snott 
427   kløgjen   utspekulert 
428 å  klåra   skrella kokte jordeple, ku som reinskar seg etter kalving 
429 ein  klåre   ei hild, morkake hjå ku 
430   knagje   hardt, vanskeleg 
431 eit  kned   liten ting (jf. forknedaleg) 
432   knega   stryka, t.d. for å få varmen i seg 
433 ei  knehøna   feiging, dott 
434 å  kniba   gje ein klem 
435 å  kniba åt   røyna på, klemma til, t.d. minker av med mat 
436 å  knista   knirka, muselyd 
437 å  knovast   slost med knoane, nevane 
438 ein  knue   knyttneve 
439 å  knurpa   lyden ein lagar med sand mellom tennene 
440 ei  knustra   ihoppressa, vase, ihopballa 
441 ei  knøa   deig, hønsamat 
442 ei  kòdna   sandkorn, mjølkorn 
443 ei  kòla   tranlampe 
444   koldå   kjølen 
445 å  kòlta   velta 
446 å  koma flått   letta frå underlaget 
447 å  koma unne vêr med   få greia på 
448 ein  kómmers   sjau 
449   kónstrig   rar, underlig 
450 å  kópna / klóbna   svima av, gå til av varme 
451 ein  kórkje   skøyta, stor båt med dekk 
452 å vera  korte for håve   avmålt, gje kort, avvisande svar 
453 ein  kósse   kukalv, ho-kalv 
454 ein  kost   8 bónne (korn) 
455   kòven kòven lukt  innestengd, usunn lukt 
456   kram krame snø  om klabbete snø i mildvêr 
457   krasjen   skral, ring 
458   krasjen   sjukleg 
459   kregdå   meslingar 
460 å  kreista   klemma, kladda (t.d. med appelsin) 
461 ei  kreksa   ufysen (overfeit) person 
462 å  krela   om makk som kravlar, om folk som arbeider jamt 
463 å  kreppa seg   trekkja seg ihop 
464   kresen   vanne, prippen 
465   krettursleg   svært (forsterkande uttrykk) 
466 å  kria for (?)   hjelpa, tenkja på seg sjølv, arbeida ivrig for 
467   kriaue   lett, livlig 
468   krittel   irritasjon i halsen 
469 å  króksa   krøkja seg ihop (t.d. om høns) 
470 eit  krótl   smått, inkjevetta 
471 ein  krybbebitar   lyte på hest 
472   kukkelura   spekulera 
473   kulsa   ha kjøl i seg 
474 ein  kuónje   strandsnigel 
475   kura   minkande måne 
476   kvade å vera kvade  livlig (kvatlige) 
477 eit  kve   inngjerda plass der ein kan få tak i sauer 
478 å  kveddja   slipa 
479 ein  kvededl   ullteppe 
480 å  kveikja   å fyra opp i omnen 
481 eit  kveiksle   noko til å fyra opp med 
482 eit  kvelfar   hjulspor 
483 å  kveltra   velta, kantra 
484 ein  kvervel   etter ljåslått 
485   kvessen   skarp 
486 å  kvia seg   ikkje ha hug til 
487   kvigbura   ku halvgjeen med kalv 
488 ei  kvigjord   bukgjord på hesten 
489 å  kvigra   livna til 
490 å  kvikna   livna til 
491 å  kyla   hiva, kasta 
492 eit  kyle   klump 
493 ein  kymling   tosk, fåming 
494   kynnaue   spak, tam (om dyr) 
495 eit  la   opplødd korn, torv 
496   labben   svak, lunka (t.d. om smak) 
497   lagabrende   sild, kjøt skjemt i saltlaken 
498   lagomvegen   laglegaste vegen 
499 på  lakk og lyne   på vakt, spionera 
500 eit  lann   urin (frå dyr) 
501   lannbråde   hallet ned mot ei å 
502   lapsen   mjuk 
503 ei  larja   kulort, kumokka 
504   lasjen   lat 
505 å  lauba   vera brunstig (dyr) 
506 eit  le   grind 
507   leagras   gras-slag med mange ledar 
508   lealaus   laus i ledane 
509 å  lebja   drikka på kattavis 
510 eit  ledikk   lite rom i ei kista 
511 ein  legdalórk   læting, lat kar 
512 å  leggja låge på   overdriva 
513 å  leggja seg itte   prøva hugsa 
514 å  leggja te vinnå   gjera vårarbeid på jorda 
515 ei  lema   sløv, lat og tiltakslaus person 
516 ein  lemm   låvegolv 
517   lemster   stør, trøytt 
518 ei  lessing   det ein legg på som press 
519 ein  let   farge 
520 på  letten   rusa av alkohol, sitja uroleg (klar til å reisa) 
521   lidevetta   litt, litegrann 
522 ein  lime   sopelime 
523 eit  linne   langt, spøta stykke utanpå reivane på born 
524 å  liva på   verna om, ta vare på, spara på 
525 et  live   le, vern mot vind 
526 ein  lód   del, part, lut 
527 ei  lòdda   tjukk halvsokk 
528   lóna (?) å la det lóna  utsetja 
529   lònge lònge nå  allerede 
530 å  lónna   motsett av herding (av jern) 
531 på  lònnå   breiddfull 
532 ein  lórk   lang staur, og brukt som skjellsord om lat kar 
533 å  lórka   liggja og dra seg 
534 ein  lórtafant   trave, slog 
535 ein  lòve   inni handa 
536   lukt koma lukt inn = koma rett inn  direkte 
537   lurifaks   luring 
538 å  lurva   dra seg 
539   lyse   tran, mørk, gulaktig, tungtflytande væske av kokt lever 
540   lytt   høyrest godt 
541   lægervall eg er i lægervall for...  skort, mangel 
542 eit  løv   massivt jern med hol av ulik storleik, brukt som underlag ved utbanking av hol i jernplater (brukt av smed) 
543   løypt   lite steikt el. kokt 
544 å  løyva   la liggja igjen 
545 lånå   i ball-leik, stå mellom to lag og prøva få fatt på ballen 
546   magel (?)   hesteslakt (?) 
547 ei  magga   stort kvinnfolk 
548   mangletre   trestykke brukt til å sletta klede, strykejern 
549 ein  mantel   hylla over grua 
550 ei  mara   fæl drøyming, noko overnaturleg som tek ein 
551   maróder   trøytt, nedbroten av sjukdom 
552 eit  mask   småputl, langdrygt arbeid 
553 å  maska   arbeida trutt, men putle 
554 ei  matskrea   ein som er glad i mat 
555   matti   måltid (kl. 10.00) 
556 eit  mehe   dum person 
557 ein  mell   mjøl, male av eige korn 
558 å  mesja   masa 
559   minekrut   krutklumpar 
560 ei  mitting   stad ein heiv kjøkkenavfall, og brukt som stall-mitting (mittingmold = turr innkjørd mold blanda med lann) 
561   mjødmå (?)   hofta 
562 ei  mjødn (?)   hofta 
563   mjåe   smal 
564 ein  mókker   stor slegge 
565 ein  mòle   smule, bete (sukkermòle) 
566   mo-plett mo-plett åleina  heilt 
567 å  mórka   halvsint mas 
568 ei  mua   kulort, hevdadunge 
569 å  muda   høna mister fjør, å vera sur 
570 å  mur-eta   eta jamt (mur-drikka, mur-sjå) 
571 ei  mylja   mat av sauaføter, potet og flatbrød 
572   mægande mægande seint  svært (ei mæga = tverr, vrang person) 
573   mære   midd i mjøl 
574 eit    sundsmuldra torv 
575   møen   fælen, redd (ei møa, eit møekreg) 
576 å  mørja   arbeida trutt 
577   måddle   lummert, døyne 
578 å  måga   skua lorten i renna 
579   mågstehòl   opning til å måka lorten gjennom 
580 ei  måksterega   fjosmåka, skrapa 
581   nadig   påholden 
582   naglabed   verk i fingertupp etter frost 
583   nasafisje   få fisk med det same ein hiv snøret uti, men seinare ikkje få fleire 
584   nauden   toskjen, dum 
585   nebær   nedbør 
586   nibba te   nå ihop, rekkja til 
587   nibbele   enkelt 
588   nógga han va'kje nógga  skvetten 
589 å  nòkk'an av   slutta av, trekkja seg 
590   nomante ikkje nomante  på langt nær (på nome nær) 
591   nón   mellommat 
592 ei  nòs   nase 
593   nylådå melk   melk i tida mellom råmelk og rein melk 
594 på  nyom   omatt 
595   nøben   lett for å verta sint 
596 eit  ób   opning, gap, svelg 
597 å  óbba seg   yppa seg 
598 å  ógga seg   flytja seg 
599 ein  óggje lea'kje óggjen = var heilt stille  tverrogge, t.d. trinn i ein stige, fiskefinne 
600 ei  ógna   agne på korn 
601 ei  ókla   ankel 
602 ei  òlla   bylgja på sjø, vatn 
603   òmanidom   om einannan 
604 eit  òmbrøyte   vêrbyte, anna vêr 
605 ein  óme   lyd, gjenlyd, dur 
606   òmsóns   uvel, utilpass 
607 eit  òppsett   kår 
608 eit  òpptak   nybrot 
609   òppårende   verta lurd, overraska, forlegen, opprådd 
610   órigge (?)   å vera årre (?) 
611 ein  òrre   ungstut 
612 ein  òrvel   låsen på kuklaven 
613 ein  ospeskolt   tomling, tosk 
614 eit  pakk   fantafylgje, dårleg menneske 
615 å  parkja   plaga (gjerna noko på park) 
616 å  peisa på   skunda på 
617 å  peisa te   slå til 
618   péla péla seg heim  skunda 
619 te  pers   måtte gje seg 
620 ein  pig   spiss, fjelltopp 
621 ei  pikka   jordredskap 
622 eit  pillement   vanske 
623 å  pimpa   drikka alkohol 
624   pinen   gjerrig, forsiktig 
625 ein  pinfant   påhaldande person 
626 ein  pining   pisete 
627   pinnfast   heilt fast 
628 ei  pinnhua   topphuva 
629 å  pòdda   vera sur 
630 ein  pòdl   vasspytt 
631 å  pólka   vera fornærma 
632 ein  pompespiger   liten spiker med stort hovud 
633 å  pótla   småarbeida 
634   potteblå   blåfarge laga av mig (urin) 
635   prakka prakka innpå  nøya 
636   prega   streka med pinne (prega jeppe = leik) 
637 å  pritla   pirka 
638 ein  prylert   stor, sterk kar 
639   påbretla   dekke av teppe el.l. 
640 ein  påg   tjukk stokk, unggut 
641   pågroande   innpåsliten 
642   påks   syfilis 
643 å  raba raba ner = skua ned  skua 
644   rabalknute   vanskeleg knute 
645 ein  rabe   skrot 
646   rada   ring, dårleg 
647   radasygjå   syfilis 
648 å  radla   drøsa 
649 eit  radur   vanskeleg dyr 
650 ein  rakkar   kjeltring 
651   raklig En raklige kar, det gjekk raklikt  Ryddig, rask 
652 å  rala med   ha til rådvelde 
653   ram   lur, utspekulert 
654 å  ramskrika   illskrika 
655 eit  randatre   tre som skjæringen på grua hekk i 
656 ei  rapt   lang fjøl 
657   rauagras   småsyra 
658   raudagale   svært gale 
659 eit  rauk   liten stabel brenntorv 
660   rausitte (?)  
661 ein  rebakjept   storkjefta person 
662 å  reia av   skjella ut 
663 å  reia te   kjøra opp jorda, grapsa 
664 reiane   (hesten) står mellom skjækene 
665 ei  rein   åkerkant 
666 å  reisa torv   to torver mot einannan, ei tredje mot kant, ei oppå 
667 ein  reiv   ty nærast kroppen på småborn, lange avlange firkanta stykke 
668 ein  rekster   hav-rekster, rek-ved 
669 å  rèkta   låta, belja 
670 å  remja   skrika og bera seg, grina 
671 å  renna   om turr snø som vinden blæs ihop til fenner, om å renna på skeiser og ski 
672 eit  rennedrev   vind med snø i, snødrev 
673 eit  rensle ta eit rensle  ein omgang 
674 ei  retla   å gå gjennom noko hardt, svær oppleving, ei hending 
675 ein  ripp   snartur 
676 å  riskjøra   smuldra hevd på eng med ihopbundne ris 
677 å  rita   rissa, skjera inn 
678 ei  ritla   mindre ris (til juling) 
679 eit  ród   innvendig hustak (tågå er utvendig) 
680 ein  rokatt   kar som legg kornband 
681 å  ròlsa   tulla, vasa 
682   rongjå   bak- eller frampart av båt 
683 å  rónsa   gå 
684 ei  rotterumpa   sag 
685   róttlitte   utilrekneleg, åreforkalka, røren 
686 ei  rua   stabel, budda 
687 å  rusa   måla på slump 
688   ryggja   kraftig, solid 
689 ei  ræa   filla på stolpe som beskjed t.d. om måltid, og om dyr i paringstida 
690 ei  ræba   blaut skit 
691 å  røa kjelvene   raka vekk bòs etter riskjøring 
692 eit  rød   fiskeskinn (skrell på kokte jordeple) 
693 ein  rødel   snakk, uråd å skilja stemmane (uro, sjau) 
694   røs det røs i meg = det går kaldt i meg  skjelv 
695 å  røyda   verta rå (røydevêr = skodde - regnvêr) 
696 å  røykja torv   torv i småstakk 
697   rå ór   vakna til 
698 ei  råda   staur o.l. til å hengja eitkvart på 
699 ei  råsa   vindkast 
700   sabba   svært 
701   samflengt   sammalt 
702 å  sampa seg   koma til hektene 
703   sauaflått   småkryp på sauen 
704 ein  saub   av kinna melk får ein smør og saub 
705 å  saudra   syta, klaga 
706   saure   slikt 
707   seimen   disig 
708 å  semta   syta, klaga 
709   senegras   stivt gras på våtlende 
710 å  setna   siga ihop, t.d. om opphovna bolde 
711 ein  sett   hamarliknande redskap, brukte sleggjå oppå denne oppå steet for å bøya jernet som låg på steet 
712 ei  sibba   skumma melk 
713 å  sibla   små-drikka, drikka seint 
714 å vera  sie   drikkfeldig (strie på flaskå), mykje regn 
715 å  siga i skrókk   siga ihop 
716   sirone   grøne haustspirer i legde av korn, eller på hesja 
717 å  sitja pal   mursitja, sitja klar 
718   sjage   slapp, dårleg 
719   sjedurte   ironisk, slengja fantord 
720 å  sjena kua sjenar for kleggen  å renna avstad, springa med halen i vêret 
721   sjenjitte   fleirfarga, skjoldete 
722 å  sjóa   koka 
723   sjostae   fisk som daua i garnet 
724   sju utte før dag   grytidleg 
725 å  sjyssa   jaga vekk 
726 å  sjytta han sjytta ingenting = har var uvøren  sjå etter 
727 ein  sjøbur   fælt sjøvêr 
728 å  sjå syn på   kunna tenkja seg 
729 å  sjå te ferane   sondera, tenkja på 
730   sjåssen   uaktsam, kjem lett ut for skade 
731 til  skamra stónne   til denne tid, til nå 
732 å  skanta   skjera av kantstykke 
733 å  skara   leggja fuktig torva i omnen, så elden held til morgonen 
734 å  skava   skrapa (borken av treet) 
735 å  skeisa   jaga, seia opp 
736   skibbur   for lite (åbur = for mykje) 
737   skida i stuen   ha det så godt 
738 eit  skildri   bilete, maleri 
739 eit  skillbrigje   skilje, stengsle, t.d. lem, brett 
740   skitslópsen   ureinsleg (ei skitslópsa = ureinsleg kvinne) 
741 å  skjekkja   laga grimaser 
742   skjel seg om   kjem an på 
743   skjerre   sky, redd 
744 ein  skjæring   flat jernstang med hakk, brukt til å hengja kokekar over grua 
745 å  skjøvra av   skrapa av 
746 å  skódra   puffa, støyta til 
747 å  skòfla   tvinta 
748 ei  skòg   arm som stikk ut frå kjerra 
749   skogaredde   vera redd 
750 å  skógra   skjelva, vera kald 
751 ein  skókk   lem i løa, mengd med folk 
752 ein  skòlt   turr bakke, fjellknatt 
753 å  skóma   t.d. ausa fløyte av melk 
754   skóming   skumring 
755 å  skómpa   puffa 
756 å  skómpla   koma borti og tøma ned 
757 å  skóra   byggja under, støa opp 
758 ein  skótt   eggeskal 
759   skóve   rest av t.d. graut i gryta 
760 ei  skraba   skjennepreik (ei skråma) 
761 å  skreppa   skrøyta 
762 å  skribla   rabla, skriva 
763 å  skrua kodn   leggja opp kornet i småstakkar 
764 ei  skryda   taskekrabbe 
765 ein  skud   lågt bygg i enden på hus 
766 å  skybla   skufla 
767 å  skygna   sjå 
768 å vera  skylle   å slekta på 
769 å  skynsa   smøya 
770 ein  skøyde   slumpeskyttar (å vera skøyden) 
771   skåggla   lause skjæker, av tau, jernstenger 
772 ein  slabbedask   slask, slamp, slog 
773 eit  slabberas   lag, samling 
774 ein  slaur   lausgjengar, dagdrivar 
775 eit  sled   jamt regn 
776 ei  sleppa   sprekke i fjell 
777 å  slida med noge regn   det regnar litt 
778 ei  slinder   kraftig bjelke på tvers i bygning, i høgd med opså 
779 å  slodra   snakka uklart (vera slodren) 
780   slofslødene   tverrband i kjerrebotn 
781 ein  slók   tung, lat kar 
782 å  slómra   sova, døsa (før låg det alltid slomreteppe på divanen) 
783 ein  slóndre heile slóndren med høy for i holet  ein slump, heile heisan 
784 å  slópsa   skvetta over 
785   slópse   vidt, stort 
786   slunkjen   tynn, tom 
787 å  sløa   sladra 
788   slå lens   tømast 
789 eit  slåp   slep (å slåpa = å dra (langt) slep) 
790 ei  slåsa   skrøna 
791   smalhans   naud, svolt 
792   smère   søtt 
793   smerre   komparativ av smått (smått, smerre, smerrast) 
794 å  smólka   humra 
795 ei  småda   bygeskil i regn 
796   småhakkar   småkårsmann 
797   smålau   smale, sauer 
798   småskåren   småleg, grisk 
799   småspunnen   spe 
800 ei  snar   lykkja, rennesnar 
801 ein  snark   tynn hinne på t.d. varm melk 
802   snedden   pynteleg, praktisk, stilig 
803 eit  snet   snitt, spesiell arbeidsmåte 
804 å  snirta   koma borti 
805 å  snógga   gå kald og halvkledd 
806 å  snórkla   laga sovelyd 
807 å  snòtta   gå ute i kjølen og driva 
808 ein  snòttapave   egen, vrang person, forkjølt person 
809 ein  sóbbe   rikmann 
810   sóggestiren   stira ut i lufta utan å sjå på noko 
811 å  sógla   sikla 
812 ein  sopeleist   rotekopp 
813 ei  sópt   så lite at det bare kan sopast opp 
814   spanhagje   hagje til å spenna ihop treverk, skjellsord 
815   spéligt   farleg 
816   spilane   veldig 
817 å  spjelka   gå naken el. lett påkledd 
818   splid   erting 
819   sponsitt   flekkete 
820 på  sprongjet   vera klar, på spranget 
821 å  spudla spudla mat  søla, gå til spille 
822 eit  spød   strikk 
823 ei  spøda   strikkepinne 
824 ein  stakk   høy- eller halmstakk 
825 å  stana   melk som vert sur, klumpete 
826 å  staura kodn   korn på staur 
827 eit  ste   ambolt 
828   steingalen   spinngalen 
829 å  steinsetja   setja veite med stein 
830 ein  stem   demning 
831 å  stemma av / på å stemma av lyset / å stemma av vatnet  stenga av / skru på 
832 ein  stempedl   dor 
833   stoen goe stoen = god tid  tid, stund 
834 å  stokkja   å stana (t.d. melk som syrnar og tjuknar) 
835 ein  stómp   brød 
836   storemaen   Vårherre 
837   stranglete   lang og tynn 
838 å  stribla   ta siste melkerest or juret, håndmolka 
839 ei  strippa   ilåt med handtak 
840   strunten   sur, bakvend 
841 ei  stryda   renna, trekt 
842 ei  stråga   strøk (maling) 
843 å  stubbast innom   minka av, t.d. om kake, gulrotstykke 
844 ein  stutapòse   stutkalv 
845 ein  styng   vondt i sida, hold 
846   støren   vevstolen 
847 å  størkna   stivna 
848   stå hell   la venta 
849 ein  svipp   snartur 
850   svirpen   lett i hamsen 
851 å  svuppa   surkla 
852 ei  svål   smal gang, utbygg 
853   sydd plank   lafta 
854 å  sylla sylla bakkane  klargjering til linefiske 
855 eit    vatn som jordeple el. anna har kokt i 
856   søkkjande det var søkkjande  flott, glimrende 
857 ei  sørkja   sårvæska 
858 ein  sådde   stor, tung kar 
859   sådel   sur melk med flatbrød i 
860 ei  såta   høydunge 
861 ein  tamp   tauende 
862   tander   skøyr, bleik, ømfintleg 
863   tannar   furu 
864   tanspringa   springa fort (tanande sprang) 
865   tarre god tarre i dag  tørk (tørr luft) 
866 ein  tassin   tefat (frå fransk) 
867 eit  tatl   folkesnakk (å tatla) 
868 ein  taustabrest   brest i isen på vatn 
869   te pers   må gje seg 
870 eit  tele   golv 
871 å  telgja   hogga til eit emne 
872 ei  tenning   lødd steinkant, torvkant 
873 ein  terre   turk, turr, varm vind 
874 ei  tesa   tøfla 
875   tiaue   i godt hold, velskapt, trivsleg 
876 ein  tjelm   tak over kornstakk 
877 eit  tjo   bakre kant på ljåen 
878 ein  tjor   stut 
879 å  tjora   binda 
880 eit  tju   20 trævar (480 bónne) (korn) 
881 å  tjåka   masa 
882 på  tjånå   bar, ufrosen mark 
883 ei    avsats 
884 ei  tógga   munnfull 
885 ei  tòkn   fiskegjelle 
886   tómlen   svimmel 
887 ein  tómling   tosk 
888 ein  torvbenk   torvstykke mot vatnet 
889   torvljå / torvkniv   redskap til torvskjering (90º vinkel) 
890 ei  torvspada   flat spade til torvskjering 
891 eit  tòt   surr av stemmer 
892 å  totta   patta 
893 tòttane   ryka ihop og slåst 
894 eit  trale   stokk eller liknande som ein kunne hengja klede over 
895 å  transla   fara bygda rundt 
896 ein  trant   tryne, kjeft 
897 å  trapsa / tripsa   piska (om klede som heng ute i vind) 
898 ein  trask   trave, utspekulert kar 
899   trast   straks 
900 å  trega   angra 
901 ein  tregòngje   sko med trebotn, tresko 
902   treisk   klok, lur 
903   treneva   lite flink med nevane 
904 ei  tró   matrenne for dyr 
905   tròte   hardt jur på nykalva ku (pga. dårleg sirkulasjon av lymfe) 
906   truten   opphovna 
907   trydlingjå koma i trydlingjå = blanda ihop, koma i tvil om  tvil 
908 å vera  tryllte   ivrig etter 
909 å  tryta   smårauta 
910 ein  træve   24 bónne (korn) 
911 å  tråa   halda opp å regna 
912 ei  tråskål   terskel 
913 eit  tråver   lenge uendra vêr 
914 å  turva (tar, turte, turt) du tar 'kje koma  trengja (du treng ikkje koma) 
915 ei  tvåra   trepinne med anger 
916 ei  tya (?) tyå i folk  to, stoff 
917   tykkja skittleg   verta fornærma 
918   tylten   ustø 
919 ei  tåda   innpakka, tòggen mat til ungar 
920 ei  tåga   taket oppå hus 
921 å  tåkna   sjå svevnaug ut, sitja lenge oppe om kvelden 
922   ubur   slamp, uting 
923 å  udla opp   øsa opp 
924   uforvarande   uventa 
925   ugotlig   ufysen 
926   uhæma   utøy, styggedom 
927   ukjuren   rå, stygg (om person) 
928   ukunaleg   gyseleg, voldsomt 
929   uliande   trøttande, irriterande 
930 ei  ulvasmedla   handskralle brukt til å skræma ulven med 
931 ein  umagje   gutunge 
932 koma  undervær med (ónnevær?)   få greia på 
933   unæming   ulærd 
934   ussale   ring, dårleg 
935   utangje   ulydig, trave 
936   utide   tid utanom det vanlige 
937   utidig   ekkel 
938 eit  uting (?)   trave, slamp 
939   utom seg slå utom = slå frampå  frampå 
940   utregjen   utrangla, trøytt 
941 uttå   i grålysninga 
942 eit  utysje   stygt, uhyggeleg vesen 
943 å  vabba   gå (gjerne tungt, t.d. i myr) 
944 å  vadna å vadna han = vera i slekt med han  stå nær som slektning 
945   valen   kald, ufølsom 
946   vanmælt   forkjølt og nasal i stemmen 
947   vannari   skitt i 
948   vanne   kresen 
949   vara om   kan vera det same, vannari 
950 eit  varp   godt kast, fangst 
951 å  varra   gå og rekkja, driva att og fram 
952 eit  vas   sludder, vås (å vasa = å rolsa) 
953   vassedl   vass-sele, åk te bera vatn i 
954 ein  vaudl   snøslaps 
955 å  vea   ikkje få noko gjort (ei vea = person som ikkje får noko gjort) 
956   vedrungje   årsgamal kalv, unamn på mann 
957 å  veifta   veipta, vifta 
958   vela   laga, stella til, gjera reint 
959 eit  velde vesalmerr slite mykje velde  (gards-) redskap 
960   vendsla   gjera om i pengar 
961   venna seg   gifta seg 
962   verkalle han gjorde det så verkalle (trykk på verk)  grundig (og vel så det) 
963   verta føre   koma ut for 
964   vesaldråpe   dråpen under nasen 
965   vesalmerr   skralt dyr 
966   vesen   skral, ikkje sterk 
967   vesse   usalt, lite salta 
968 ein  vevar   lyte på hest 
969 på  vidåttå   på avvegar, på viddene 
970   vindskeiv   vridd 
971 å  vingla   sjangla, vera ustø, rista ein person 
972   vinna   vårvinna, onn 
973   viresen   framfusen 
974   vissvas   rot, floke 
975   vitrast   verta rolegare 
976   vittlaust   spinngale, tankelaust 
977   vondla (?) laga vånedl = laga høydott, vondla med maten  ikkje få noko gjort 
978 ein  vongse   plogspiss 
979   vór   rund haug (Leavoren) 
980   vore gulvore = gulaktig  aktig 
981   vóre det va vóre då  ei anna sak då, ei råd då 
982   vorså   slik som 
983   vørta ei vørta kona = gjæv kone  gjæv 
984 ein  våg   lang, tjukk staur 
985   vårhesa   sprukne sår på nevane 
986   yderle   bitteliten 
987   øvegidde   forskrekka 
988   øvegóen   forundra 
989   øvesleppte   langt, uflidd hår 
990   øye ver   regnvêr 
991   åbur   for mykje (skibbur = for lite) 
992   ådveltes   kvelva, leggja flat 
993   åfengje   møesamt 
994   ågra på   skunda på 
995   ågrigge   ivrig, tidleg på 
996   ågå   vera svært nærgåande, gå i vegen (g.norsk: àganga (f), àgangr (m) = påtrengjande person) 
997   åhendt   sjeldan 
998 vera  ålbrysta   gå god for, ansvarleg for 
999   åleite   trøyttande, møesamt (g.norsk: àleitinn = nærgåande, eglesam) 
1000   ålstra   elta, vera trøttande 
1001   åretta   kila (om ei øks) 
1002   åt å leggja seg åt  kranglete, t.d. om stut som stongar, klemmer sund, gå på folk 
1003   åventå gå i åventå  utolmodig venting